Opning av kunstutstilling Fredag 17:00 Sigrid Moldestad band Fredag 18:00 Jazz, wine & dine m/ Liora Levi og Arild Andersen Fredag 20:00 Marius Neset Quintet Fredag 20:30 Maridalen & Lars Lillo-Stenberg Fredag 22:30 Anita Nordheim Blues n' Groove Company Fredag 22:30 Oddny Fredag 24:00 Erlend Apneseth Laurdag 11:00 Gratis hagekonsert Laurdag 12:00 Olav Stedje & Sogndal storband går salsa Laurdag 14:30 Arild Andersen Laurdag 16:00 Silje Nergaard Laurdag 18:00 Jazz, wine & dine med Liora Levi og Sigrid Moldestad Laurdag 20:00 Kristin Asbjørnsen og Olav Torget Laurdag 20:30 Kåre Kolve Fusion Laurdag 22:30 We Met In June Laurdag 22:30 Eva & the Heartmaker Laurdag 24:00
8.-10. mai

KRISTIN ASBJØRNSEN

Pris: GRATIS

: Kringsjå

Det er fint å kunne ønske Kristin Asbjørnsen velkomen tilbake til Balejazz. I løpet av dei ti siste åra har ho fått svært mykje internasjonal merksemd frå både kritikarar og publikum. Ho har eit personleg og unikt uttrykk, og har vunne mange nasjonale og internasjonale prisar.

Kristin Asbjørnsens stil har røter i «singer/songwriter»-tradisjonen, og let element frå afrikansk verdsmusikk, spiritual og jazz flyte inn i musikken. Ho har ei stemme med eit uvanleg breitt klangspekter som gjer det mogleg å framføre vokal musikk med særleg stor dynamikk, kontrast og kraft.

I fjor haust ga ho ut sitt siste soloalbum «I'll meet you in the morning». Til Balestrand kjem ho saman med kvartetten sin.

Kristin Asbjørnsen - vokal
Olav Torget - gitarer og vokal
Gjermund Silset - bass og vokal
Rune Arnesen - trommer og vokal
David Solheim - lyd
Balejazz på facebook >
SPONSORLAUG
PROGRAM