Pris: GRATIS
: Bøyum Pensjonat
Balejazz inviterer ungdomsskuleelevane ved Sagatun skule til konsert midt i skuletida på Bøyum Pensjonat! Ibrahim Electrics energiske, utåtvende og til tider provoserande musikk begeistrar overalt. Bandet består av tre svært dyktige danskar, gitarist Niclas Knudsen, trommeslagar Stefan Pasborg og Hammond-organist Jeppe Tuxen. Alle har skapt seg eit namn på den danske- og internasjonale musikkscena. Dei har ei anarkistisk tilnærming til diverse sjangrar som afrobeat, blues, funk, surf, jazz og rock. Alt dette blandar dei enkelt og greitt saman til ein organisk, musikalsk heilskap.